Solaris Korrigert
Wat vul Aig bli om du ku kreip frå din vorld til uss?
Hovedscenen
21. sep. 2022 - 22. sep. 2022
Wat Wat vul Aig bli om du ku kreip frå din vorld til uss?
Året er 2480, og jorda er ikkje leveleg stort lenger. Kan dei tomme oljebrønnane vere eit håp, kanskje ei redning? Sjur Miljeteig har laga eit scifi-inspirert lydunivers basert på synth-nostalgi, abstrakte lydkollasjar og improvisert trompet. Ane Dahl Torp framfører teksten.
«Solaris korrigert» av Øyvind Rimbereid vart oppført som fullskala teaterframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene hausten 2015/våren 16 og hausta panegyriske kritikkar og fleire Hedda-prisar – mellom anna for musikken til Sjur Miljeteig, og Ane Dahl Torps tolking av hovudpersonen «Aig». Framsyninga vart dessutan kåra til «Årets forestilling» av Heddajuryen, og var nominert til Musikkteaterprisen.
I denne konsertversjonen får Miljeteigs musikk og sjølve teksten ein enno større plass.
Øyvind Rimbereids langdikt stiller eksistensielle, samfunnsmessige og økokritiske spørsmål og er skrive på eit språk som er ein hybrid av stavangerdialekt, skotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gamalnorsk – kanskje eit resultat av fleirnasjonale samarbeid i oljeindustrien. Diktet har utmerka seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen, har hausta Kritikarprisen og er innlemma i Noregs litterære kanon.
«En gigantisk performance»
VG, terningkast 5

Av
Øyvind Rimbereid
Manus
Ane Dahl Torp
Regi på Det Norske Teatret
Peer Perez Øian
Lysdesign
Kyrre Heldal Karlsen
Lyddesign
Asle Karstad
Trompet og elektronikk:
Sjur Miljeteig
Foto
Erik Berg